Om Medmennesket


Vårt tilbod: 


Personleg hjelp 
Lista over ulike måtar vi kan hjelpe er lang. Kanskje er det behov for praktisk hjelp i eller utanfor huset? Ta gjerne kontakt for å diskutere ditt behov. 


Relasjonsbygging

Alle har godt av samvær og fellesskap med andre. Vi kjem gjerne på besøk og blir med deg ut på ein spasertur, eller ønskjer du heller å prate over ein kopp kaffi? Vi lyttar!  


Tilrettelegging av måltid 
Vi handlar gjerne inn og lagar eit smakfullt og næringsrikt måltid.  


Følgjetenester 
Det å komme seg frå A til B er ikkje alltid like enkelt. Vi gjer det mogleg for deg å komme deg der du ønskjer. Vi kan følgje deg heilt til døra og bringe deg trygt heim etterpå. Dømer på dette kan vere tur til frisør, tannlege, doktor, sjukehus, møter m.m 


Sosiale arrangement og turar! 

Synast du det skjer for lite? Medmennesket vil arrangere ulike turar og temakveldar med mat og drikke, med ønske om å samle flest mogleg til eit  sosialt og koseleg  lag. Vi vil kunne by på livemusikk eller anna underhaldning som til dømes bingo og quiz! Kanskje tar vi turen til TIN Camp eller Veslevatnet for grilling og fisking? Opplegget vil variere frå gong til gong, men at det blir kjekt og innhaldsrikt er ein sjølvfølge! 


Pårørande 
Er du pårørande eller kjenner nokon som kan trenge nokon av desse tenestene? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. Medmennesket Gloppen ønskjer å hjelpe til med å ta vare på deg eller dine i heimen, eller om du er pårørande til nokon som bur i institusjon som treng besøk eller ein tur ut. 


Vi tilbyr gratis førstegongs besøk!